Næringsareal til sals i Olden

Stryn kommune ønskjer å selje eit næringsareal på om lag 1100 m² i Olden sentrum. Frist for å melde interesse for kjøp er 15. juni 2018.

Arealet er i gjeldande reguleringsplan avsett til forretning/ kontor/ bustad/ industri (F/K/B/I) med tilhøyrande reguleringsføresegner. Det er tilrettelagt infrastruktur med tilkomstveg, ledningsnett for overvatn og VA i området. 

Nærare informasjon om arealet kan du få ved å ta kontakt med Stryn kommune, rådmannsavdelinga tlf 57 87 47 00.