Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge

Bufdir (barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) har ei tilskotsordning for inkludering av barn og unge. Ordninga skal bidra til at alle barn, uavhengig av foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon, skal ha høve til å delta i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre. 

Målgruppa i tilskotsordninga er barn og ungdom som er berørt av fattigdomsproblem, men saman med dei inngår også familiane, når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar. 

 

Kven kan søkje?

Offentlege instansar, private aktørar og frivillege organisasjonar kan søkje om tilskot. Søkerorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet, og lokallag, fylkeslag og andre må søke gjennom kommunen.

Meir informasjon og søknadskjema finn du på Bufdir si nettside

Søknadsfristen for tilskotsåret 2020 er 13. desember 2019.

 

Kontaktperson i Stryn kommune

Folkehelserådgjevar Jannike Sunde.
E-post jannike.sunde@stryn.kommune.no