No kan du søkje tilskot til utsiktsrydding

Søknadsomgangen for tilskot til utsiktsrydding 2019 er no opna. Det er ingen søknadsfrist, og søknadane vert handsama fortløpande.

Kven kan søkje?

Alle føretak med organisasjonsnummer og grunneigarløyve kan søkje om tilskot. Grunneigarar, grunneigarlag, andre lag/organisasjonar, kommunar med fleire kan søkje om tilskot. Det kan gjevast inntil 70% tilskot av godkjent ryddekostnad.

Sogn og Fjordane har ca 3 mill kr til fordeling på denne tilskotsordninga i 2019.

Søknader som blei sende inn til Fylkesmannen etter innsendingsfristen i 2018 vil bli handsama no i 2019-omgangen. 

Nye søknadar skal sendast til kommunen postmottak@stryn.kommune.no som gjev tilråding i samband med si oversending til Fylkesmannen som handsamar søknadane.

Søknadane må vere innkomne til Fylkesmannen innan 1. oktober.

Informasjon om tilskotsordninga, forskrift, retningslinjer, søknadsskjema og rettleiing til utfylling av søknad

 

Har du spørsmål? Ta kontakt med Amund P. Hjelle tlf 57 87 47 20

amund.hjelle@stryn.kommune.no