Ny Per Bolstad plass

No er byggegjerda vekk i Stryn sentrum og du kan ta i bruk nye Per Bolstad plass. – Torsdag 9. mai opna plassen og kommunen overtek ansvaret, plassen kan no nyttast av alle, seier prosjektleiar i Stryn kommune Hanne K. Vangen (t. v. på bildet). Prosjektleiar i Yri Sand AS, Finn Drageset, til høgre,

Det blir offisiell opning av Per Bolstad plass 28. mai.

Retningslinjene for utleige av plassen er endå ikkje klare.

Velkomen: Prosjektleiar Stryn kommune, Hanne K. Vangen, og prosjektleiar i Yri Sand, Finn Drageset, opna torsdag Per Bolstad plass att for publikum. - Klikk for stort bilete