Ny tilskotsordning til mangfold- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. Du kan også søkje tilskot til prosjekt eller eingangsutgifter.

Det er opna for søknadar og søknadsfristen er 13. juni kl. 13.00.

Søk her

Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søkje tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan vere både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som  til dømes friluftsliv.

Tiltaka skal rette seg mot målgruppene for ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med lav inntekt
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særskilte barrierar
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa
  • Noverande og framtidige unge leiarar og trenerarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personer med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn

Les meir om regelverket for ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider