Offisiell opning av dagsturhytta i Stryn 25. april

Torsdag 25. april kl. 17.00 blir det offisiell opning av dagsturhytta på Kloppemyra i Stryn. Det blir også foredrag av Aleksander Gamme i Stryn kulturhus kl. 20.00.

No er programmet klart og du er hjarteleg velkomen til å bli med oss på offisiell opning i dagsturhytta frå kl. 17.00-19.00 og i Stryn kulturhus om kvelden kl. 20.00.

Program:

  • Maskotane frå Kongleriket, Kåre Bjørn og Elin Ekorn står midtvegs i traséen og deler ut Konglesjokolade
  • Oppmøte ved hytta kl 17.00
  • Medaljeutdeling til borna 
  • Banksjefen ønskjer velkomen og seier nokre ord
  • Eventyrer Aleksander Gamme er med oss og vil ha eit opplegg ved hytta
  • Fylkeskommunen seier nokre ord
  • Ordføraren klipper snora og seier nokre ord
  • Lesestund med Marte Holien Bø
  • Lett underhaldning ved Johan Olai Svidal

Om kvelden inviterer Sparebanken Sogn og Fjordane til foredrag med Aleksander Gamme i Stryn kulturhus kl. 20.00.

Til foredraget om kvelden treng vi påmelding. Les meir om og meld deg på foredraget her.

 

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga/ Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.