Om bålbrenning Jonsokaftan

Jonsok søndag 23. juni: Det er liten fare for skogbrann på Vestlandet no, men alle som tenner jonsokbål må likevel vise aktsemd og opptre på ein slik måte at det ikkje oppstår brann.

Det ikkje nødvendig å varsle brannsjefen om kvar det blir brent jonsokbål i år.

Tips til trygg bålbrenning:

  • Det er alltid den som brenner bål som har ansvaret for brannsikkerheita
  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindretning
  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet
  • Bålet må vere i god avstand til busetnad og vegetasjon
  • Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke
  • Ha vatn lett tilgjengeleg
  • Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna avfall
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt

Vi ønskjer alle ei fin jonsokfeiring!