Ønskjer du å spare straum? Energiportalen hjelper deg

Har du høg straumrekning? Finn dei rette energitiltaka for bustaden din med kommunens energiportal. – Heilt gratis! Det kan lønne seg å installere energitiltak, som for eksempel varmepumpe eller etterisolering av tak for å få ned kostnadane.

  1. Gå inn på energiportalen.no
  2. Tast inn adressa di og definér størrelsen på bustaden.
  3. Kryss av for oppvarmingskilder som blir nytta i bustaden i dag, kva standard bustaden har, og om du har gjort oppgraderingar.
  4. Definér antal personar i hushaldninga, kor ofte og kor lenge kvar person dusjar, og antal karbad pr veke.
  5. Du får dynamisk oppdatert dagens forbruk i husstanden din.
  6. Simulér deretter ulike energitiltak i bustaden din og sjå kva aktuelle tiltak du sparar mest energi og kostnader på pr år. Vurdér dette opp mot innkjøpspris.
  7. For kvart tiltaksområde du simulerer, vil du få opp lokale leverandører som kan installere tiltaket. Be om tilbod frå for eksempel tre av dine næraste leverandørar.
  8. Etter installasjonen vil straumkostnadane gå ned om du held same nivå for varme og komfort.