Ope møte om sentrumsutvikling

Invitasjon til møte om sentrumsutvikling i Stryn kulturhus onsdag 25. april kl. 18.00 - 20.00.

Stryn sentrum har begrensa med næringsareal å utvikle seg på. Etter aukande pågang frå ulike aktørar til etablering og samstundes utfordringar i å finne høveleg areal eller lokale, ser kommunen og næringsorganisasjonane behovet for å setje søkelys på temaet. 

Vi må utvikle sentrum på ein attraktiv og berekraftig måte.


I arbeidet må vi ha best muleg kunnskap om m.a. varehandelstrendar, slik at vi kan innrette oss godt, og at trendane ikkje skal gå på bekostning av attraktivitet, bulyst og berekraft. 
For å kunne dra mest muleg i felles ønska retning, er det avgjerande med ei godt forankra felles forståing av utfordringane.
Til å hjelpe oss med dette, og auke kunnskapen, har vi invitert Ståle Økland og Geir Lyngaas.

  • Ståle Økland trendekspert, forfattar og foredragshaldar
    Økland held foredrag innan framtidsrelaterte tema, han er ein svært ettertrakta foredragsholdar og har skrive fleire bøker om økonomi, leiing og byutvikling
  • Kvar går samfunnstrendane?
  • Handel, mulegheiter og utfordringar.
  • Kva kan vi forvente av teknologi, handel og forbrukar?
  • Kundelojalitet: Korleis skaper ein det i ei verd i stadig endring?
     
  • Geir Lyngaas forfattar og rådgjevar i Distriktssenteret
    Lyngaas arbeider med kva regionar og regionsenter betyr for lokal samfunnsutvikling. Han arbeider for tida mest med Byregionprogrammet og regionalt samarbeid. 
  • Foredraget hans vil omhandle attraktive, berekraftige lokalsamfunn, og korleis best planlegge for styrking av lokale føresetnader og lokale kvalitetar. Han vil nytte andre, samanliknbare tettstadar som eksempel og knyte forsking og erfaring opp mot dette.

Initiativet

Initiativet er eit samarbeid mellom Stryn kommune, Stryn Næringssamskipnad og Stryn Næringshage.
Møtet er ope for alle som er interesserte i korleis vi bør utvikle sentrumet vårt. I dette ligg også viktige målgrupper som grunneigarar, eigarar av næringsbygg, bedriftseigarar/-leiarar, gründarar og politikarar - utan at vi med det ønskjer å ekskludere nokon.