Ope plankontor om områderegulering i Stryn sentrum

Ønskjer du å vite meir om planene for Stryn sentrum? Du er velkomen innom plankontoret i Stryn kulturhus, Tingsalen fredag 7. mai mellom kl 1200 - 1500. Vi vil også ha ope plankontor på kulturhuset 12. mai, 31. mai og 7. juni  kl. 12.00 - 15.00.

Klikk for stort bilete

 

Områdereguleringa har som mål å trekkje opp langsiktige retningsliner for vidare utvikling av Stryn sentrum. Planavgrensinga er sett til området Grønevik-sentrumsområdet-Riise bru -Visnes. Planen skal vidareføre dei endringane som blei gjort for Stryn sentrum i kommunedelplanen Langeset-Stryn-Storesunde, og vil erstatte dei fleste regulerings- og bebyggelsesplanane som ligg innanfor plangrensa.

Offentleg ettersyn av områderegulering for Stryn sentrum

Stryn kommune følgjer dei gjeldande reglane om smittevern, vi må difor skrive ned namn og kontaktinformasjon til alle som kjem innom.