Oppheving av det ekstraordinære bålforbodet

Det har siste døgnet kome litt regn, og vermeldingane melder at det skal kome jamt med nedbør første dagane. Brannsjefen opphevar derfor totalforbodet (frå 28. mai) mot bålbrenning og bruk av annan open eld.

Brannsjefen vil likevel oppmode om forsiktigheit. Det har vore veldig tørt, og det kan vere lokale forhold som tilseier at det ikkje bør fyrast opp bål.

Vil også minne om at lova seier at det i tidsrommet 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærheita av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. (Lova gjeld uansett )