Oppstart av kommunedelplan for trafikktrygging og samferdsle, og høyring av planprogrammet

Kommunedelplan for trafikktrygging og samferdsle.

I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 og § 11-13 har Formannskapet i møte den 07.05.20, FO-070/20, vedteke oppstart av kommunedelplan for trafikktrygging og samferdsle, og høyring av planprogrammet.

Planprogrammet (PDF, 962 kB) er lagt ut til gjennomsyn på kommunesenteret og på Stryn Bibliotek i tida 19.05.20 – 26.06.20. Her står det kva føremål planarbeidet har, rammer for planarbeidet, utgreiingsbehov samt planprosess med framdriftsplan.

Eventuelle innspel til planarbeidet eller til planprogrammet kan sendast til
postmottak@stryn.kommune.no eller til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 STRYN.

Her kan du sende inn dine forslag

Frist for innspel er 26. juni 2020.

Oppstartsvarsel vedteke i Stryn formannskap (PDF, 391 kB)

Annonse i Fjordingen (PDF, 370 kB)

 

 

Kommunedirektør