Ordførarduellen mot Stad kommune onsdag 14. oktober

Korleis gjekk det med duellen? Innanfor tidsfristen på konkurransen vann Stad med knappast mogleg margin. Alfred Bjørlo og Siri Sandvik klarte nemleg å få med 13 bedrifter på dei to timane dei var ute. Knepen siger til naboen i vest der med andre ord! Gratulerer🐬

Ordførar Per Kjøllesdal og varaordførar Torstein Tvinnereim fekk med seg 12 bedrifter på dei to timane dei var ute i duell mot Stad kommune til inntekt for TV-aksjonen.

Dette er rekordmange bedrifter for Stryn sitt vedkomande, og særs gledeleg.

Om bedrifta di ikkje fekk besøk av ordførar eller varaordførar så er det kjekt om de støttar TV-aksjonen.

Her finn du meir informasjon om korleis næringslivet kan engasjere seg i årets TV-aksjon!