Over 60? Korleis ønskjer du å bu?

For å kartlegge behova og planlegge kva tenester innbyggjarane i Stryn kommune skal få i framtida, ønskjer vi at du som er over 60 svarar på ei spørjeundersøking.

Spørjeundersøkinga vert også lagt ut på biblioteket, kulturhuset, og på kommunesenteret. Undersøkinga er heilt anonym, vi vil ikkje kunne sjå kven som har svart.

Svara vil bli presenterte på konferansen «Planlegge litt» i Stryn kulturhus 28. oktober. Undersøkinga vil bli brukt som kunnskapsgrunnlag for vidare planlegging av areal og tenestebehov i Stryn kommune.

Det tek omlag 10 minutt å svare på spørjeundersøkinga. Takk for at du fyller ut og blir med å planlegge for framtida!

Gå til spørjeundersøkinga Bustad Stryn