Pressemelding 02. august kl. 21.00

Stryn kommune har i kveld blitt informert om at tre personar som var gjester på Isehaug kafeteria / Johans pub laurdag 31. juli, i tidsrommet kl 16.00-01.00, har testa positivt for koronavirus. Alle høyrer til i Sande kommune. 

Sande kommune har i dag informert om at desse tre deltok på Gummibåtfestivalen laurdag, men det vart avkrefta etter samtale med dei smitta no i kveld. 

Vi oppfordrar alle som var gjester ved Isehaug kafeteria / Johans pub i dette tidsrommet, om å ha svært lav terskel for å teste seg for koronavirus ved symptom, også personar som er vaksinerte. Vaksine beskyttar svært godt mot alvorleg sjukdom, men ein kan framleis bli smitta og smitte andre.  

Vi minner om viktigheita av å halde avstand, ha få nærkontakter, ha god handhygiene, samt halde seg heime og teste seg ved symptom på sjukdom.  

Ring beredskapstelefonen 57 87 49 29 (måndag – fredag kl. 10.00 – 11.30) ved spørsmål eller behov for koronatest