Program for velferdsteknologidagen

Onsdag 12. juni inviterer Stryn kommune til seminar om velferdsteknologi i Stryn kulturhus. Det blir to like sesjonar, ein kl. 11.30 og ein kl. 15.30, slik at flest muleg folk får anledning til å delta. Du kan kome på den som passar deg best. Velkomen!

Det skal handle om å bruke teknologi til å gjere livet heime godt, forutsigbart og enkelt. Og det skal handle om teknologi som gjer kommunale omsorgstenester betre, tryggare og gjev større meistring og sosial deltaking.
 
 

Lev smart heile livet og ver trygg med teknologi!