Regional kvikkleirekartlegging
Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) kartlegg no om det er fare for store kvikkleireskred i Stryn, Førde, Eid, Gloppen og Naustdal kommunar. NVE driv derfor med grunnboring fleire stader i kommunen.
NVE gjennomfører no kartlegging av større område med moglege kvikkleireførekomstar i Stryn, Førde, Naustdal, Eid og Gloppen. Kartlegginga er ei grov kartlegging, konsentrert om eksisterande busetnad, som vil danne grunnlaget for utarbeiding av kvikkleiresonekart. På bakgrunn av kartlegginga vurderer NVE m.a. behov for vidare detaljkartlegging og sikring av eksisterande busetnad.
I samband med dette arbeidet er det behov for å hente inn informasjon om grunntilhøva i utvalde område, ved bruk av grunnboring. Informasjonen frå grunnboringane er ein vesentleg del av grunnlaget for den vidare utredinga.
Posisjon for boringane
Posisjon for boringane vil kunne verte flytta noko, i nokre tilfelle kan det verte aktuelt å bore på naboeigedommen til der punktet er plassert.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har eit overordna ansvar for statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av flaumskadar og skredulykker. Som ein del av dette ansvaret utfører NVE ei landsomfattande kartlegging av flaum og skredutsette område, og kartlegging av fare for kvikkleireskred.
I Noreg er det registrert omlag 2000 kvikkleiresoner, sjå nettportalen NVE Atlas
Sist endra 17.11.2023 11.06