Regionalt miljøtilskot: Spreiefrist for husdyrgjødsel er 10. august

Dei som skal søkje regionalt miljøtilskot for miljøvenleg gjødselspreiing må spreie husdyrgjødsla seinast 10. august på areal dei søkjer tilskot til. Fristen er sett for å minske tap av næringsstoff til nærliggande vassdrag og redusere utslepp til luft. Dette gjeld tilskot i heile fylket for å få gjødsla raskt i jorda med stripespreiing eller nedfelling, med eller utan tilførselsslange.

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland om regionalt miljøtilskot