Budsjettert netto driftsresultat for kommunen i 2018 var på 0,6 mill. kroner. Resultatet i 2018 gir ein driftsmargin på 2,27%, noko som er noko betre enn 1,7% som er tilrådd som det minste driftsresultatet ein kommune bør ha.
Netto driftsresultat er summen av driftsinntekter, minus driftskostnader, inklusive finansinntekter og finanskostnader. Om ein ikkje tek med finans får ein kommunen sitt brutto driftsresultat. Dette var i 2018 23,6 mill. kroner mot 15,4 mill. i 2017. Budsjettet her var 11,2 mill. kroner. Medrekna finanskostnader/-inntekter og interne finanstransaksjonar, har kommunen eit rekneskapsmessig mindreforbruk i høve budsjett på 15,6 millionar.
Stryn kommune fekk i 2018 ein nedgong i skatteinntektene på -2,3% sett i høve 2017, medan landssnittet for kommunane auka med 3,8%. Dette blir delvis, men ikkje heilt, kompensert av auka rammetilskot.
Løn og sosiale utgifter utgjer i overkant av 70% av kommunen sine kostnader. Alle sektorane syner svært god budsjettdisiplin og leverer gode tenester innanfor sine område. Rekneskapen er enno ikkje revidert, og tala som er leverte til SSB er førebelse. Rekneskap og årsmelding for Stryn kommune skal handsamast i kommunestyret i mai.
- Det er all grunn til å gje ros til heile kommuneorganisasjonen for å ha levert eit resultat på eit nivå som gir grunnlag for ei vidare positiv utvikling av kommunen i krevjande tider, seier rådmann Rune Hovde.
- Arbeidet med omstilling og tilpassing av kommunen sine tenester til dei behova vi ser innbyggjarane og næringslivet har, må halde fram, men det er godt å sjå at vi no er på rett veg avsluttar rådmannen.