Røysting på valdagen måndag 11. september
Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023. Her er stadane og tidene du kan røyste på valdagen måndag 11. september. Hugs å ta med legitimasjon.
Nordsida skule kl 15.00 – 19.00
Loen Bygdehus kl 15.00 – 19.00
Olden Bygdetun kl 13.00 – 19.00
Oppstryn skule kl 15.00 – 19.00
Strynehallen kl 11.00 – 20.00
Styrkhallen, Innvik kl 13.00 – 19.00
På valdagen må du røyste i kommunen du er folkeregistrert busett i per 30. juni 2023. Du kan røyste i kva som helst vallokale i kommunen. Ta kontakt med ein valfunksjonær dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal røyste.
Hugs gyldig legitimasjon!
Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon og du er ukjent for røystemottakar, får du ikkje røyste. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde.
Meir informasjon om valet?
På valglokaler.no finn du vallokale og opningstider i alle kommunar.
Les meir om kommunestyre- og fylkestingsvalet på Valdirektoratet sine nettsider
Sist endra 11.09.2023 10.40