Samarbeid med Gode Vegar om felles vegprosjekt i kommunen

Som ordførar er eg glad for at Stryn kommune har inngått avtale med Gode Vegar AS for felles arbeid om vegprosjekt i kommunen. Vi har no inngått avtale for 2019, der vi også har lagt inn planlagt støtte for 2020 og 2021.

Stryn kommune skriv under avtale med Gode Vegar AS. Frå venstre nestleiar i Gode Vegar AS Jørn Sønsterudbråten, ordførar i Stryn kommune Sven Flo, styreleiar i Gode Vegar AS Per Ole Tenden og dagleg leiar i Gode Vegar AS Svein Sunde. - Klikk for stort bileteStryn kommune skriv under avtale med Gode Vegar AS. Frå venstre nestleiar i Gode Vegar AS Jørn Sønsterudbråten, ordførar i Stryn kommune Sven Flo, styreleiar i Gode Vegar AS Per Ole Tenden og dagleg leiar i Gode Vegar AS Svein Sunde.

  • Hovudfokus for kommunen i tida framover er å få inn E39 Byrkjelo-Grodås, og ny lang tunell RV15 Strynefjellet i Nasjonal Transportplan (NTP)
     
  • Vidare ha fokus på rassikring og utbetringar i Oldedalen og Lodalen
     
  • Realisering og bygging av gang- og sykkelveg Loen-Solvik

Dette er dei viktigaste prosjekta, men vi vil også arbeide for ei større hastigheit i utbygginga av gang- og sykkelveg i andre deler av kommunen.

Ordførar i Stryn kommune, Sven Flo