Sei di meining om vatnet vårt

Korleis står det til med vatnet der du bor, og korleis kan vi ta betre vare på det? No kan alle som vil kome med innspel om korleis vi bør forvalte vatnet.

Ny vassforvaltningsplan for Vestland – no kan du kome med innspel til tiltak

Vatnet blir utsett for mange påverknadar frå det fell som nedbør i fjellet, renn ned bratte lier, gjennom elvar, bekkar og innsjøar og til slutt renn ut i fjordane våre. På vegen passerer vatnet gjennom urørte landskap, men også område der det bur og arbeider mange menneske, noko som gjev mange påverknadar.

Vassforvaltninga i Noreg skal bidra til beskyttelse og berekraftig bruk av vatnet vårt.

Etter vassforskrifta skal kvar av vassregionane i Noreg ha ein vassforvaltningsplan med miljømål for alt vatn i elver, innsjøar, kystvatn og grunnvatn. Planen skal også ha eit tiltaksprogram med forslag til tiltak for å betre miljøtilstanden i vatnet, og komebeskytte mot dårlegare tilstand.

Vassforvaltningsplanen som gjeld no, blei godkjent i 2016, og varer ut året 2021. No startar arbeidet med å revurdere og oppdatere planen, slik at den nye planen er klar til gjennomføring i perioden 2022-2027.

 

Innspel til tiltak

Er det tiltak du meiner bør gjerast for å betre miljøtilstanden i ei elv, innsjø, fjord eller langs kysten, kan du no kome med innspel til tiltak. Innspel på tiltak kan til dømes vere for å redusere påverknad frå jordbruk, avløp, avfallsplassar, industri, fiskeoppdrett, framande artar, vasskraft, bekkar og elvar som er lagt i røyr, utretta, førbygde etc.

Frist for å kome med innspel er 1.1.2020. Ansvarleg sektorstyresmakt for tiltaket, vil vurdere om tiltaket bør inngå i tiltaksprogrammet.

Innspelet ditt registrerer du her Sogn og Fjordane vassregion vannportalen.no/sognogfjordane.

Har du spørsmål er du velkomen til å kontakte vassområdekoordinator Staffan Hjohlman på e-post staffan.hjohlman@sfj.no eller telefon 90 40 26 61.