Sjøfarande må vise omsyn: Vassleidning på fjorden mellom Loen og Stryn

På grunn av uver vart senkinga av vassleidningen utsett to dagar, ny tid for senking er tysdag 11. og onsdag 12. desember. No ligg leidningen i sjøoverflata og alle sjøfarande må vise omsyn.

Vassleidningen som no skal leggast i fjorden mellom Loen og Stryn skal fungere som reservevassforsyning for både Loen og Stryn.

Leidningen blir samansveisa på flåte i Loen til totalt 11 km lengde,  og påmontert lodd slik at den skal synke når den blir fylt med vatn.

Leidningen ligg no i sjøoverflata og er så lang at den strekkjer seg frå Loen og ut fjorden til Holen/ Frøholm. Når den er klar for senking vil enden bli lagt inn til Visnes og leidningen vil då ligge i overflata heilt frå Visnes til Loen.

Nytt planlagt tidspunkt for senking er tysdag 11. og onsdag 12. desember.
Inntil då vil den ligge i sjøoverflata og alle sjøfarande må vise omsyn.