Skal du søkje tilskot til bratt slåttemark m. m.?
Regionalt miljøprogram, med høve til m.a. å søkje om tilskot til bratt areal, har søknadsfrist 15. oktober. Det er mange endringar i denne ordninga i år.
Du kan søkje tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange, og dersom det er brukt stripespreiar eller nedfelling.
Søknad om bratt areal er om lag som i fjor. Det er krav om slått av arealet, og graset skal vere nytta til fõr.
Dessverre må du i år legge arealet inn i kartet på nytt. Mange synest dette er vanskeleg, men vi hjelper dei som ikkje får det til!
Ver merksam på at beiteareal også vert vist som bratt, men dette gjev ikkje rett til tilskot.
Det vert ikkje lenger gjeve tilskot til dyr som beiter i nasjonalpark eller til steingardar. Tilskot til naving gjeld berre tre som er nava siste året.
Dersom du trur du treng hjelp med søknaden, må du vere ute i god tid.
Tips:
- Søk tidleg og bruk temasida til Fylkesmannen for RMP
- I hovudfeltet på temasida for RMP ligg ei lenke per tilskotsordning (kortfatta men fullstending omtale). Les grundig om dei tilskotsordningane som kan vere aktuelle for deg ved bruk av desse lenkene
- I høgremargen på temasida finn du ein info-boks for kommunane og ein annan info-boks for søkarane
- Bruk rettleiingsvideoen for korleis søke som ligg i høgremargen i boksen for søkarane
Treng du meir informasjon? Kontakt Ellen Kirkeeide eller Amund Hjelle tlf 57 87 47 00.
Sist endra 21.11.2023 09.34