Smittevernråd i vinterferien

Ingen nye smittetilfelle i Stryn kommune sidan 6. februar.

Dersom du har vore på ferie eller er tilreisande frå eit område med høgt smittetrykk, kan det vere lurt å ta ein koronatest når du kjem til Stryn kommune. Dette gjeld spesielt dersom du har vore i kommunar med utbrot av mutert virus.

Dersom du ikkje har symptom kan du gjerne vente nokre dagar før du tek testen (uten at du treng å vere i karantene desse dagane), då det i gjennomsnitt tek 2 - 7 dagar frå ein er smitta til viruset kan påvisast.

Ein blir gjerne smittsam 1-2 døgn før ein får symptom, og det er først når ein er smittsam ein Covid-19 test vil bli positiv.

Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom, eller har vore i kontakt med nokon med påvist smitta, må du ta ein koronatest så snart som råd.

Dersom du har teke ein negativ test og seinare får symptom, bør du ta ein ny test, då testen berre viser eit augeblinksbilete. Med andre ord kan ein ha teke første test for tidleg etter smittetidspunkt.

Slik avtaler du testing
Alle må ha bestilt time på telefon 57 87 49 29 (måndag -fredag 09:00 - 12:00) før ein møter opp til testing. Testsenter finn du på Visnes, Visnesvegen 9a

Karantene
Ein er ikkje pålagt karantene dersom ein er tilreisande frå andre kommunar, men vi har følgjande råd til deg som er tilreisande dei første 10 dagane etter at du har kome til Stryn kommune:

  • Ha få nærkontaktar og hald minst 1 m avstand til andre.
  • Ikkje oppsøk stadar der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Vurder grundig besøk til eldre og personar i risikogruppene.

Det er auka risiko om det ikkje har gått minst 14 dagar sidan den du skal besøkje, er ferdigvaksinert med to dosar Covid-19 vaksine.

Å halde avstand over 2 m er då eit godt tiltak for å redusere risiko.

Status 19. februar - ingen nye tilfelle

Vi har ikkje påvist nye tilfelle av koronavirus sidan 6. februar

Det går bokstaveleg talt mot lysare tider. Vi trur at vi framover får større mengder med vaksinar til innbyggarane våre, raskare enn det vi har opplevd til no. Det er svært gledeleg at dei eldste, og bebuarar på sjukeheimen som har ønskt vaksine er ferdig vaksinerte. Sjølv om tunnelen vart lengre enn vi hadde håpt, er det framleis eit sterkt lys i enden av han. Hald ut!

Vi lever i ein periode med nye virusmutasjonar. Dette er heilt normalt for eit virus, sjølv om det gir nokre tilleggsutfordringar. Korleis dette vil påverke måten vi skal forhalde oss til viruset på framover, veit vi ikkje fullt ut endå. Men vi veit det er viktig å oppdage smitten raskt, og setje i gang tilpassa tiltak tidleg. Derfor er det framleis viktig å teste seg raskt ved symptom, og ha avgrensa med nærkontaktar i kvardagen.