Søk om ungdomsmidlar i 2019
Har du eit spennande prosjekt for born og unge? Søk Stryn Ungdomsråd om midlar til å starte opp eller vidareføre prosjektet. Midlane er for unge i alderen 12 – 20 år. Kva du kan søkje om? Det finst ikkje fasitsvar – ver kreativ!
Tilskotet blir gitt til prosjekt som bidrar til ungdomsengasjement og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå ordinære budsjett.
Søk her:
Søknad om midlar frå Stryn ungdomsråd
Hugs å legge ved ein økonomisk oversikt (budsjett) slik at Stryn Ungdomsråd ser korleis midlane er tenkt brukt. Søk på konkret utstyr og/ eller reelle utgifter. Generelle driftsutgifter får ikkje tilskot.
Frist for å søkje er 16. juni
Sist endra15.11.2019 14:48