Søk tilskot til barn og unge i familiar med låg inntekt

Tilskotsordninga skal motvirke konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Søknadsfristen er 10. desember. 

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) tildeler tilskot til tiltak, med sikte på at barn og unge skal få delta på aktivitetar og sosiale arenaer, uavhengig av foreldra sin økonomi.

Frivillege organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar kan søkje om midlar.

I regelverket til tilskotssordninga er det forklart nærare kva ein kan søkje støtte til, og kriteria som må vere oppfylte for å søkje. Det er svært viktig at søkjarane set seg godt inn i regelverk og veiledar

Søknadsskjemaet og utfyllande informasjon om prosjektet finn du her

Sjølve utlysninga finn du HER.

Ta gjerne kontakt med folkehelserådgjevar og kontaktperson for prosjektet, 
Elise Fonn tlf. 57 87 48 13, elise.fonn@stryn.kommune.no ved eventuelle spørsmål. 

Søknadsfristen er 10. desember. 

Fann du det du leita etter?