Søk tilskot til kulturbygg og kulturarena

Vestland fylkeskommune lyser no ut to ulike tilskotsordningar. Kulturbygg skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearena som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Søknadsfristen på begge tilskotsordningane er 1. april 2022.

Kulturbygg søk Stryn kommune innan 1. april

Du kan søkje om tilskot til

  • kulturhus

  • fleirbrukslokale

  • spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak

  • scenekunstlokale

  • konsertsal

  • formidlingslokale for biletkunst

  • etablering av livssynsnøytrale seremonirom

Pengane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Tilskot til kulturbygg skal søkjast på same måte som spelemidlar, via Anleggsregisteret.no

 

Tilskot til kulturarena med regional funksjon søk innan 1. april

Vestland fylkeskommune lyser også ut ordninga tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar.

Kven kan søkje?
Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommunen kan søkje på ordninga. Andre lag, organisasjonar og selskap kan også søkje, avhengig av vedtektene til laget. Spelemidlar skal ikkje gjerast om til forteneste for private fortenestebaserte aktørar.

Søknadsfrist 1. april 2022.

Korleis søkjer du?
Du søkjer på Vestland fylkeskommune


For meir informasjon kan du kontakte myrtel.thomassen@Stryn.kommune.no 

Meir informasjon om ordninga på Vestland fylkeskommune sine nettsider.