Søknad om kompensasjon av mva ved bygging av idrettsanlegg

Frå 15. januar 2021 blir det opna for innlevering av søknadar om kompensasjon av merverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg, for behandling i 2021. Søknadsfristen er 1. mars 2021. Søknadar mottekne etter søknadsfristen vil bli behandla i 2022.

Søknaden skal leverast elektronisk på eige søknadsskjema via Lotteri- og stiftelsestilsynet sine heimesider. Skjemaet blir tilgjengeleg fredag 15. januar. Søknad om momskompensasjon for idrettsanlegg skal ha to vedlegg, rekneskapssamandrag og revisorrapport / avtalte kontrollhandlingar. 

Alle som skal søkje om kompensasjon bør merke seg følgjande to punkt:

  • Ordninga omfattar alle som søkjer om spelemidlar og oppfyller vilkåra for å motta spelemidlar gjennom Kulturdepartementet si tilskotsordning for bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, med unntak av kommunar/ fylkeskommunar og kommunale føretak. Spelemiddelsøknaden må vere i formell orden før søknad om kompensasjon kan innvilgast.

  • Anlegget må vere ferdigstilt før det kan søkjast om kompensasjon. Rekneskapsskjema og revisorrapport skal inngå som vedlegg til søknaden og må oversendast innan søknadsfristen.

Meir informasjon her: Lotteri- og stiftelsestilsynet om momskompensasjon idrettsanlegg

Bestemmelser om kompensasjon av merverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg - 2021 (PDF, 181 kB)
Fastsett av Kulturdepartementet 11.01.2021.