Søknadsfrist 1. mars for barnehage og SFO
No er det tid for å søkje barnehageplass og plass i skulefritidsordninga (SFO). Du søkjer barnehageplass på elektronisk skjema. For plass i skulefritidsordninga søkjer du i foreldreportalen Vigilo. Søknadsfristen til hovudopptaket til året 2023/2024 er 1. mars. Du kan søkje om barnehageplass/SFO heile året, men ønskjer du plass i hovudopptaket må du søkje innan den datoen.
- Du søkjer på same plass for alle barnehagane i Stryn kommune, også den private
- Du brukar same system for å søkje ny plass og for å søkje ein anna barnehage
- Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar sender du dei per post til: Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Søk barnehageplass
Ta kontakt med avdelingsleiar barnehage om du har spørsmål eller treng hjelp til å søkje.
Her finn du oversikt over alle barnehagane i Stryn kommune.
Skulefritidsordning (SFO)
Søknad om SFO-plass og endring av eksisterande plass i barnehage må ein gjere via pålogging til Føresettportalen på og velje Logg inn OAS oppe i høgre hjørne, vel Stryn kommune og logg inn med ID-porten.
SFO er eit frivillig aktivitets- og omsorgstilbod utanom den obligatoriske skuletida for elevar på 1. - 7. trinn.
Organisering og innhald av tilbodet varierer noko frå skule til skule, ut frå kor mange barn som er med på ordninga, og kva som er muleg på skulen og i nærområdet.
Sist endra 24.01.2023 11.28