Søknadsfrist for Regionalt Miljøprogram 15. oktober

Nytt i år er at det kan søkjast tilskot for alt bratt areal. Tidlegare avgrensing på minst 20% bratt areal av slåttearealet er teke vekk, men det er krav om at arealet skal haustast og at graset skal nyttast som fôr.

Føremålet er å skjøtte bratt areal som er eit særpreg for kulturlandskapet i fylket, og å gje eit driftsvansketilskot for hausting av fôr i arbeidsintensivt terreng.

Her finn du skjemaet søknad om regionalt miljøtilskot

Les om endra reglar for tilskot til slått av bratt areal