Sommardugnad #likefinsomfør

Hold Norge Rent har for fjerde året på rad invitert til sommardugnaden #likefinsomfør, ein nasjonal kampanje mot forsøpling som skal inspirere ferierande i Noreg til å ta vare på stadane dei besøkjer, fremme flott natur og minne oss om å ferdast sporlaust.

#likefinsomfør er Hold Norge Rent sitt hovudverktøy i arbeidet for å forebygge forsøpling i forbindelse med ferie, fritid og ferdsel rundt omkring i landet vårt. Gjennom ei fleirårig satsing ønskjer vi å rette folk si oppmerksomheit mot vårt kollektive ansvar for å ta vare på skog og mark, fjell og vidde, sjø, by og bygd.

Alle kan bidra til å etterlate plassane dei besøkjer like fin som før gjennom å ta bevisste val og sørgje for at vi alltid tek med oss avfallet vårt heim frå turen og gjerne plukkar opp søppel andre kan ha gløymt att.

For å kaste søppel i Stryn kommune kan du sjekke ut på Fjordane Friluftsråd sine sider om kontainer og næraste avfallsselskap.

Sjekk ut utstyrslager og avfallshandtering her.