Søppel som flyt

Vi fekk i dag nye meldingar om at søppelet flyt ved containerane på Stryn skisenter.  Vi reiste umiddelbart opp tre tilsette for å rydde. Underteikna deltok både for å hjelpe til, då vi har begrensa kapasitet til slik type jobb, og samtidig sjå kva som skjer. 

Det var kapasitet i containerane, men det var likevel plassert søppelsekkar med matavfall, kartongar, metalboksar og flasker både oppå og ikkje minst ved sida av containerane. Nokre stadar såg det ut som søppelposar berre var kasta inn på området. Fleire av sekkane var store. Containerane er berekna til hytterenovasjon og hushaldningsavfall. Alt anna avfall skal leverast på Miljøstasjonen.  

Den tida vi var der kom det fleire som ville levere avfall av ulikt slag. Eg tok ein prat og fleire av dei leigde hytter i hyttefelta gjennom air B&B eller andre bookingsider.  Eg har forstått at det er relativt mange som leiger ut hytta si.  Vi ser også at mykje av avfallet som vi rydda var av utanlandsk opphav.  
De som leiger ut må sjølve ta ansvar for at avfallet vert levert der det skal eller at dei som klargjer hytta etter utleige leverer det der det skal -  inne i containerane.  Normalt produserer turistar meir avfall enn de som er hytteigarar. Dersom containerane nærmar seg fulle, må det gje beskjed til NOMIL eller Stryn kommune. 

Eg har også snakka med NOMIL i dag om ulike tiltak som mellom anna type container, frekvens på tømming med meir. Dette vil NOMIL vurdere, men alle tiltaka vil medføre kostnadsauke som må belastast etter sjølvkostmodell på abonnentane i hyttefeltet.

På lengre sikt jobber vi med å etablere ei ny løysing for hytterenovasjonen i området. 

Bilda viser korleis vi ikkje vil ha det i Stryn, og korleis det vart etter oppryddinga. Vi må alle ta eit ansvar for at dette ikkje skjer igjen.  Det er veldig trist å sjå at beitande sauer får i seg saker og ting som dei ikkje skal i seg. Det er også svært trasig å måtte rydde opp etter slurv.

 

Jon B. Nesje
Kommunedirektør   

  

Bilde av søppel utanfor container - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

Bilde av søppel utanfor container - Klikk for stort bilete

 

Bilde avrydda containerar - Klikk for stort bilete