Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp

Stryn kommunestyre har, i møte den 14. mai 2019, vedteke framleis å bruke Standard abonnementsvilkår for vann og avløp, administrative og tekniske bestemmelser utgjeve av Kommunenes Sentralforbund i 2017. Siste vedtak om desse vilkåra vart gjort av kommunestyret i 1992.

Formålet med abonnementsvilkåra, er å ivareta det gjensidige ansvarsforholdet mellom kommunen og den enkelte abonnent, ved tilknyting til offentleg vatn- og avløpsanlegg. Vilkåra skal også sikre forsvarleg utføring av sanitærinstallasjoner av private vass- og avløpsanlegg.

Abonnentane i Stryn kommune må kjenne til at dei mottek vass- og avløpstenester på visse vilkår. Dei har mellom anna eit eigarskap til stikkleidningar, tankar eller slamavskiljarar, anboringsklammer og eventuelt pumper og ventilar.  Dei har ansvaret for at desse er oppført etter tekniske bestemmelsar og at dei vert vedlikehalde. 

Her finn du standard abonnementsvilkår for vatn og avløp

Vedtak om framleis bruk av standard abonnementsvilkår for vatn og avløp. (PDF, 288 kB)