Status 10. august kl. 11.00

Vi har no fått svar på dei fleste testar som var tekne laurdag 7. august. Det er kun påvist koronavirus hos ein av desse. Dette er ein kjend nærkontakt av allereie smitta tidlegere i veka. Smittesporing er avslutta i den saka. 
Sjølv om vi framleis venter på svar på testar tekne søndag 8. august og måndag 9. august, er det svært lovande at vi ikkje har fleire med påvist virus laurdag. 

Vi oppmodar alle innbyggjarar om å følgje einmetersregelen nøye, ha god handhygiene og ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
Vi minner om at også vaksinerte personar bør teste seg ved symptom.

Beredskapstelefon koronavirus 57 87 49 29 har ope måndag til fredag 10.00 - 11.30.

 

Marius Solbakken 
Kommuneoverlege