Status 29.oktober kl 14:45

Ein tilsett ved Tonning Barnehage, avdeling Homlebolet, har testa positivt på hurtigtest i dag fredag 29.10. Den tilsette har følgt anbefaling med å teste seg som nærkontakt til kjend smitte. Den tilsette var sist på arbeid onsdag 27.10.

Generelt
No når dei aller fleste i den vaksne befolkninga er vaksinert, og ein aukande andel ungdom får vaksine er det ikkle lenger nødvendig med strenge tiltak i samfunnet, og koronavirusinfeksjon kan i aukande grad handterast som andre luftvegsinfeksjonar.
Det gjer at nærkontakter ikke lenger er pålagt karantene, men bør teste seg etter gjeldande anbefalingar. Dei som er smitta er framleis pålagt isolasjon. Les her om nærkontakter og isolering: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/narkontakter-og-isolering/

 

Aktuelt
Det er ein risiko for at den tilsette kan ha vore smittsam onsdag, sjølv om risikoen er vurdert som relativt lav. Alle born og vaksne på Homlebolet er vurdert som nærkontakter.

 

Videre plan:

  • Kvart barn og vaksne på avdelinga får med seg ein pakke med totalt 5 hurtigtestar.
  • Alle born og vaksne på avdeling bør ta ein test fredag eller laurdag, og ein ny før barnehage på måndag. Foreldre tek test på borna heime.
  • Ved nyoppståtte symptom dei neste 10 dagar bør ein vere ekstra oppmerksom og ta ein ny hurtigtest.
  • Ved positiv test kontakter foreldre barnehagestyrar. Styrar kontakter  kommuneoverlege. Sjå elles flytskjema her:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/narkontakter-og-isolering/

  • Barn og vaksne som har symptom bør halde seg heime til dei har testa negativt og er friske. Les meir om dette her:

https://stryn.kommune.no/tenester/helse-sosial-og-omsorg/informasjon-om-korona-og-tiltak/fakta-rad-og-koronatesting/

Når skal barn med luftvegssymptom vere heim og når kan dei kome tilbake i barnehage/skule?

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/barn-og-unge/?term=&h=1#naar-skal-barn-med-luftveissymptomer-vaere-hjemme-og-nr-kan-de-komme-tilbake-i-barnehageskole