Status fredag 17. desember kl. 16.00
Torsdag ettermiddag fikk vi beskjed om at tre tilsette i Miljø og Velferd har testa positivt på Covid-19. Dei er sett i isolasjon og nærkontakter er varsla.
Smitteveg er kjend. Vi har også fått beskjed om at to nærkontakter i kommunen har testa positivt.
Her finn du informasjon og råd til nærkontakter og dei som er i karantene.
Informasjon om koronatesting i Stryn
Strategi
Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, utan at helse- og omsorgstenesta bryt saman.
Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.
Sist endra17.12.2021 16.05