Status koronasmitte

Oppdatering 30.07.21: To personar har no testa positivt på covid-19, dei er smitta utan kjend smitteveg, så det er no veldig viktig å halde smittevernreglane. Beredskapstelefonen har ekstra ope laurdag 31. juli kl. 12.00 – 14.00. 
  

Seint i går kveld fekk vi beskjed om at to nye personar, busett i kommunen, har testa positivt på covid-19. Det eine smittetilfellet er truleg relatert til smitteutbrot i Ålesund førre helg. Personen har hatt symptom på sjukdom siste dagane. 
Den andre smitta er kjend nærkontakt til person med tidlegare påvist covid-19. Vedkomande er fullvaksinert og har lite symptom på sjukdom. Førebels er det ikkje kjend smitteveg, noko som tilseier at vi har ukjent smitte i samfunnet.  

Aktuelle nærkontaktar er kontakta, sett i karantene og vil bli testa.  
Stryn kommune har mange turistar og besøkande dei siste vekene , og vi har den siste tida fått beskjed om fleire personar som har testa positivt på covid-19 kort tid etter heimreise. Dette fører til auka smittefare, særleg i butikkar, på bensinstasjonar, serveringsstadar og populære turmål.   
 
Vi minner om viktigheita av å halde avstand, ha god handhygiene, samt halde seg heime og teste seg ved symptom på sjukdom.   
  
Ring beredskapstelefonen 57 87 49 29 måndag – fredag kl. 10.00 – 11.30 ved spørsmål eller behov for koronatest.

Beredskapstelefonen er ekstra ope laurdag 31. juli kl. 12.00 – 14.00.