Status måndag 9. august kl. 09.00 

Vi ventar no på svar på testar som var tekne laurdag og søndag. Vi hadde søndag 8. august ikkje motteke nye prøvesvar frå Helse Førde som no har kapasitetsutfordringar med analysering av prøver. Vi ventar på 70 testar som var tekne laurdag og 60 testar tekne søndag. Mange av desse er nærkontakter til smitta i kommunen. 
Kommuneoverlegen har i løpet av helga vore i dialog med Helse Førde og Fylkesberedskapsvakta om utfordringane med å få prøvesvara så seint.

Smitterisiko

Prøvesvara vi ventar på har stor betydning for å sjå omfanget av smitte i kommunen. Vi testar no bredt, og folk er imponerande flinke til å møte opp til testing. Fleire av dei smitta har vore på jobb i muleg smittsam fase der dei kan ha hatt korte kontakter med andre. Det same gjeld på fritida. Vi har ikkje gått ut offentleg med alle stadane smitta personar har vore den siste veka, då dette gjeld dei fleste stadar i kommunen. 
Risikoen ved ein flyktig/kort kontakt blir sett på som lav. Dei som har hatt lengre kontakter med smitta, og blir definert som nærkontakter, blir varsla fortløpande. På grunn av den auka smitterisikoen i kommunen no, er det svært viktig at alle framleis har lav terskel for å teste seg. 

Testing

Symptom på koronavirus kan vere feber, hoste, tung pust, hovudpine, slappheit, nedsett lukt- eller smakssans og muskelverk.
I nokre tilfelle kan også sår hals, rennande eller tett nase og nysing vere symptom.
Er du usikker på om du har symptom på koronavirus, bør du teste deg.

For dei som allereie har testa seg: 
1) Test på nytt om du i etterkant får symptom på koronavirus.
2) Test deg på nytt om du hadde heilt milde symptom ved første test, og du opplever klar forverring i etterkant.

Vi er framleis heilt avhengig av at alle har lav terskel for å teste seg, og er ekstra nøye med smittevern-anbefalingene.

Hugs minst 1 m avstand til andre.
-God handhygiene
-Ha få nærkontakter dei neste dagane
-Hold deg heime ved symptom, og ta test raskt.

Beredskapstelefon koronavirus 57 87 49 29 har ope måndag til fredag 10.00 - 11.30


Marius Solbakken 
Kommuneoverlege