Status onsdag 12. januar kl. 12.00

Stryn kommune har det siste døgnet motteke to positive Covid-19 prøver. Vi ventar også svar på fire positive hurtigtestar. Det er litt ventetid på prøver som er sende til Helse Førde då dei har mange testar til analyse for tida.

Her finn du informasjon og råd til nærkontakter og dei som er i karantene

Her finn du informasjon til deg som må i isolasjon

Informasjon om koronatesting i Stryn

Strategi
Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, utan at helse- og omsorgstenesta bryt saman.

Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.