Strandryddeveka og den store Strandryddedagen

No er det duka for strandryddeveka (11.-19. sept.), og den store strandryddedagen (18. sept.). Vi ønskjer derfor å oppfordre alle frivillige lag, organisasjonar, skuleklassar og bedrifter i fjordstrøk av tidlegare Sogn og Fjordane om å bidra i kampen mot avfall langs kyst, i fjord, langs vassdrag og i by/bygd.  

Sjølv om Stryn ikkje ligg i ytre fjordstrøk, er det nødvendig med hjelp frå alle i kampen mot forsøpling. Alt avfall som havnar i natur, by/ bygd og vassdrag utgjer ein potensiell skade for dyr og miljø. Alt som havnar på bakken kan ende opp i magen på ein fugl, eller følgje vatnet ut i havet. Hjelp oss å fjerne herrelaust avfall på avvegar, og ta del i den store ryddeveka og ryddedagen. 


Kvar kan eg rydde?

I Rydde-appen eller på ryddenorge.no kan ein finne stadar folk har meldt inn forsøpling. Her kan du også melde inn din planlagde aksjon, samt kvar og kor mykje du har rydda etter at aksjonen er avslutta. Er du usikker på kvar du kan rydde? Ta kontakt med Fjordane Friluftsråd. 



Motivasjonsmidlar/ Refusjon av utgifter

Fjordane Friluftsråd delar òg ut Motivasjonsmidlar. Dette er ei støtteordning for å motivere frivillige til å rydde. Her kan du blant anna søkje om å få dekka utgifter knytt til ryddeaksjonar. På nettsidene våre kan du lese meir om korleis du kan søkje, og kva du kan søkje om.


Utstyr: 

Utstyr til ryddeaksjonar kan du hente på Servicekontoret i Stryn eller på NOMIL sin gjenbruksstasjon på Svarstad. Har du vanskar med å få tak i utstyr, ta kontakt med Fjordane Friluftsråd, så hjelper vi deg. 

Handtering av avfall: 

Det blir plassert ut konteinarar 11.-19. september følgjande plassar: 
 

  • Loen skule
  • Olden, Kråka ved Avleinsstranda
  • Stryn sentrum, ved Strynehallen
  • Oppstryn, Erdalen ved Hjellekrysset
  • Innvik, parkeringsplass ved Fruktlageret
  • Utvik, på kai ved Utvik Marina


Dersom du planlegg ein aksjon ein annan stad, eller har vanskar med å frakte avfall du har rydda til ein konteiner, ta kontakt med oss i friluftsrådet. Har du spørsmål knytt til strandryddeveka eller den store strandryddedagen, ta kontakt med Fjordane Friluftsråd. 


Kontakt: 
Thea Båtevik
thea@friluftsrad.no
482 22 238