Stryn kommune deltek i offentleg tettstadsprosjekt

Stryn kommune skal frå hausten av delta, som ei av fire norske kommunar, i eit offentleg tettstadsprosjekt som skal gå over tre år.

Stryn kommune har blitt invitert av Transportøkonomisk institutt og Vestlandsforsking til å delta som ei av fire norske kommunar i eit offentleg innovasjonsprosjekt med tittelen Tettstedspakker for attraktiv, inkluderende og klimavennlig stedsutvikling. Prosjektet blir gjennomført av nokre av dei fremste fagmiljøa i landet på samordna areal- og transportplanlegging: Transportøkonomisk institutt, Norsk institutt for by- og regionforskning og Vestlandsforsking. Kommunane som deltek er utanom Stryn, Bø og Sauherad (Midt-Telemark kommune), Sortland og Hol.

Staten forventar at kommuneplanlegginga legg til rette for attraktive og klimavenlege by- og tettstadområde, men så langt har det blitt gjort lite for å finne ut korleis mindre tettstadar kan oppnå dette. Staten brukar mykje ressursar på samferdsletiltak, klimapolitikk og sentrumsutvikling i storbyane, m. a. gjennom storbynettverk og bypakkar. Ein prøver å stoppe veksten i klimautslepp frå transport i byane gjennom incentivordningar som belønningsordningar og byvekstavtalar.

Mindre kommunar og tettstader, som vi har mange av her i landet, har for ein stor del blitt utelatne frå dette politikkfeltet. I prosjektet vil vi utvikle tettstadspakkar (til forskjell frå bypakkar) der målet er at mindre tettstadssentrum skal vere:

  • Kompakt, med effektiv arealutnytting
  • Meir attraktive for næringsdrivande
  • Meir levande med aktivitet større delar av døgnet
  • Mindre bilbasert, favorisere gange og sykkel for intern trafikk

Utforming av tettstadpakkar vil skje ulikt i dei ulike kommunane. Det vil vere ei blanding av overordna plangrep og utprøving av innovative løysingar (pilotar) som kommunane sjølv utviklar. Det kan t.d. vere utlånsordning for sykkel/elsykkel, stasjon for sykkelreparasjon, tilrettelegging for torgarrangement, nettside for innrapportering av avvik eller behov hos innbyggarane.

Det er viktig at prosjektet er lokalt forankra. Derfor har prosjektleiinga bede kommunane gjere avtale med lokale organisasjonar, til dømes næringsforeining, om å delta med eit visst tal timar innsats i løpet av prosjektperioden. I Stryn er det inngått samarbeidsavtale med Stryn Næringssamskipnad (SNS).