Storesunde omsorgsbase

Stryn kommune har stara jobben med å  etablere ekstraordinære institusjonsplassar for dei som er smitta av koronavirus og er så sjuke at dei må  tilsyn hele døgnet. Institusjonsplassane er i Storesunde skule.

Tilbodet vil gjelde både dei som ikkje kan bu heime, eller som vert utskrivne frå sjukehus med framleis smitte. Det vil ikkje vere noko aldersbegrensing i bruk av plassane.

Vi etablerer desse institusjonsplassane i Storesunde skule som er eit bygg  som passar for formålet og dei institusjonsplassane som i ein periode vil vere der. Bygget er slik at det er plass til eit stort tal pasientar, men i første omgang planlegg vi for 6 plassar. Omsorgsbasen er gjort klar til å kunne ta imot pasientar, men blir ikkje bemanna før behovet oppstår.