Stryn og Loen vassverk - reduksjon av vassforbruk

Stryn kommune ber alle som er knytt til vassverk i Stryn og Loen om å redusere/ avstå frå vatning i hage og bed, fordi vassverka no er nær maksimal kapasitet. Varselet er ei sterk oppmoding og gjeld frå i dag fredag 4. juni 2021.

Kommunen kan innføre vatningsforbod, men vi prøver først med denne vennlege oppmodinga om redusert vassforbruk til hagevatning/ vatning av blomsterbed.

Årsaka til avgrensing av vatning er at både Loen vassverk og Stryn vassverk når maksgrensa for kva UV-anlegga er godkjende for. Dersom vi går over denne grensa kan vi ikkje garantere for trygt vatn og må klore i tillegg.