Stryningar til UKM sin landsfestival

UKM-festivalen i Sogn og Fjordane vart arrangert sist helg. To av innslaga som gjekk vidare til UKM sin landsfestival er frå Stryn. Bjørn K. T. Solheim og Marius Arntsen gjekk vidare med Bjørn sin eigenkomponerte låt «Geitafjellhyrna». Marius Arntsen gjekk også vidare med låten «Just the Two of Us».

Frå Stryn og Hornindal deltok totalt 12 ungdommar innanfor scenekunst og biletkunst, fordelt på 11 innslag. Til saman var det 250 deltakarar frå heile Sogn og Fjordane. Festivalen bestod av konsertar, kunstutstilling, workshops, jamming, og mykje anna moro.

Det var høgt nivå på alle framføringane, noko som gjer det endå meir imponerande at to av fem sceneinnslag som skal vidare til landsfestivalen i Stjørdal 24. – 28. juni, kjem frå Stryn!  

Bjørn K. T. Solheim og Marius Arntsen gjekk saman vidare med Bjørn sin eigenkomponerte låt «Geitafjellhyrna». Marius Arntsen gjekk vidare med låten «Just the Two of Us»

Lenke til sendinga til NRK Sogn og Fjordane frå UKM-festivalen

Bjørn og Marius: 01:00:00. Marius: 01:58.30

 

UKM=Ung kultur møtast