Synfaring for oppsitjarane i Geilevegen
Torsdag 12. mai vert det synfaring av prosjektomfang for oppgradering av Geilevegen. Alle oppsitjarane er velkomne i krysset Setrevegen–Geilevegen kl. 14.00.
Kva gjeld for min eigedom?
Stryn kommune har motteke stikningsdata som viser yttergrenser for oppgraderingsprosjektet og set desse linjene ut i terrenget. Dette vil gje eit lettare visuelt bilde av kor omfattande prosjektet er i høve areal, og kvar enkelt oppsitjar vil sjå kva prosjektet vil medføre i høve deira eigedom.
Etter synfaringa vil kommunen gå gjennom klager på vedtak om detaljreguleringa.
Sist endra 07.12.2023 15.15