Temakveldar for foreldre i Stryn

Stryn Helsestasjon og Voksne for barn Indre Nordfjord inviterer til tre samlingar på Telegrafen i haust. Leiande helsesøster Tine Camilla Rosenvinge ønskjer alle  småbarnsforeldre velkomne.

Tema for kveldane:

Tysdag 11. september kl. 19.30 - 20.30 deler vi erfaringar om korleis vere gode «reiseleiarar» for barna våre. 

Tysdag 2. oktober kl. 19.30 – 20.30 snakkar vi om korleis ein taklar trassalder, og kva er eigentleg det?

Torsdag 6. november kl. 19.30 – 20.30 snakkar vi om grensesetjing.

Kveldane er eit gratis tilbod og passar for foreldre til born frå 0-6 år.

 

Arr: Stryn Helsestasjon og Voksne for barn Indre Nordfjord