Tid for vassmålaravlesing

Det er tid for vassmålaravlesing. Stryn kommune sender ut varsel om avlesing på SMS. Siste frist for avlesing er 31. desember 2018. 

Vi ønskjer å få mest mogleg registrering via SMS og oppfordrar difor alle til å svare via SMS.
Etter innmeldt målestand via SMS vil du få ei melding tilbake.

Avlesingskort blir sendt på vanleg måte til dei som ikkje er oppført med mobilnummer i telefonregisteret .

Abonnentar som mottek avlesingskort kan registrere avlesinga si på www.leseav.no eller returnere svarslippen til kommunen. Meir informasjon står på tilsendt kort.

Siste frist for avlesing: 31. desember 2018.


Spørsmål om sjølve innrapporteringa av målarstand kan rettast til
Teknisk etat tlf. 57 87 48 24.