Til deg som er pårørande til bebuar på institusjon i Stryn kommune

Koronasituasjonen er stabil i Stryn kommune, og vi opnar no opp for at pårørande skal få ta med brukarane ut på spasertur, biltur eller heim på besøk.

Dette må i kvart enkelt tilfelle avklarast med leiar i avdelinga, då vi treng å stille ein del spørsmål og informere om kva som er tillatt rundt utflukter. Dette gjeld dagstur.

Ved besøk heime må ein vurdere nøye kor mange som skal samlast og det må leverast logg over nærkontakter.

For avtale ring:

Vikane:  Redbakken 917 21 618 (Mariann), sjukeavdelinga 57 87 35 59 (Jolanta).

Stryn: Fiolen 57 87 69 74, Lyngen 57 87 69 34, Symra 474 50 035, Kvisten 459 70 581.

Minner også om at besøk på avdelinga skal bestillast på aktuell avdeling. Det er ikkje høve til å besøkje meir enn 1 brukar pr. dag. Du kan ikkje gå frå kohort til kohort på besøk.

Vil også takke for godt samarbeid rundt tiltaka vi har sett i verk.

 

Helsing Stryn kommune

einingsleiar helse og sosial Stryn og Vikane

Siw Vangen og Grethe Hilde