Til tilsette og born ved Oppstryn barnehage

Torsdag 16.12.21 fekk vi beskjed om at ein tilsett ved Oppstryn barnehage har testa positivt på covid-19 sjølvtest/hurtigtest. Den smitta som er vaksinert, har no lette symptom på sjukdom og har følgt anbefalingar for testing.

Tilsette og born som var i Oppstryn barnehage onsdag 15.12.21 blir definerte som «øvrige nærkontakter». Les meir om nærkontaktar og smittekarantene her

Dette gjeld for borna:
Born under skulealder har ikkje plikt til karantene og anbefalast berre test ved symptom. Føresette bestemmer om borna skal testast. Vi anbefaler likevel at borna avgrensar sine nærkontakter, til dømes unngå fritidsaktivitetar og sosiale samankomstar dei neste 10 dagane.

Vidare plan for dei tilsette:
Alle tilsette har plikt til karantene i 10 dagar, men kan gå tilbake til arbeid dersom dei testar negativt på PCR-test teken tidlegast 3 døgn etter siste kontakt med den smitta.
Dei tilsette skal ta den første PCR-testen måndag 20.12.21 (døgn 5) kl. 13.00.
Dei tilsette er vidare i karantene på fritida (fritidskarantene) fram til negativ PCR-test teken tidlegast 7 døgn etter kontakta.
Dei tilsette skal ta den andre PCR-testen torsdag 23.12.21 (døgn 7) kl. 13.00.
Forhåpentlegvis mottek vi svar på denne testen i løpet av 24.12.21. 

Karanteneplikt gjeld ikkje for nærkontaktar som:

  • Har gjennomgått covid-19 siste 3 månader.
  • Har fått oppfriskningsdose (boosterdose etter fullvaksinering) for minst 1 veke sidan.
  • Er under 18 år


Dei neste 10 dagane:
Tilsette/føresette til born 
må følgje med på eigen/borna sin helsetilstand dei neste 10 dagane og ha låg terskel for testing sjølv ved milde symptom på sjukdom. Dette gjeld også om ein er unnateke karanteneplikt.

Dersom nokon av nærkontaktane får symptom på sjukdom i karantenetida, skal vedkomande isolerast og testast på nytt ved første høve. Dette gjeld òg ved lette symptom på sjukdom. Tiltaket er viktig for å stanse eventuell ny smitte tidleg.

Husstandsmedlemmar til dei aktuelle borna og tilsette er ikkje pålagt karantene. Dette betyr at husstandsmedlemmane kan gå på skule og arbeid som normalt.

Kontakt beredskapskontoret ved behov
Ved spørsmål eller symptom på sjukdom, kan beredskapskontoret kontaktast på telefon 57 87 49 29. Telefontid: Måndag-fredag kl. 09.00-11.30.
Utanom dette kan Nordfjord legevakt kontaktast på telefon 116 117, dei vil då ta kontakt med smittesporingsteamet i Stryn.

Strategi
Regjeringa har innført ei rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenesta, og forsinke og begrense spreiinga av omikron. Det er i dag ikkje meininga å stoppe smitten, men ha ei gradvis spreiing i samfunnet. På den måten kan avgrensingane på samfunnet vere minst mogleg, utan at helse- og omsorgstenesta bryt saman.

Stryn kommune er pliktig til å følge den nasjonale strategien i handtering av koronaviruset.